|
Innlegg
av Steinhandler Torgeir T. Garmo fra Lom. Godtfolk ! Eg vil fyrst få takke for at eg fekk koma inn her og
bruke nokre minutt av ei dyrebar konferansetid. Men kanskje er ikkje eg
den rette til å definere ”kvalitet og nyskaping,” derfor kjenner eg
meg litegranne som Fantomet som har forlatt ”de dype skoger” og rota
seg inn i eit glassmagasin med altfor trongt mellom hyllene. Vegen framover går som kjent gjennom fortida, og den
nære fortida er sterkt prega av ein flora av ulike ”prosjekt” dryssa
med raus hand utover Provinsen av gavmilde departement i ”Kongens By.”
Takka vera ein nyrik stat har mykje endra seg, og bygdebyen har fått
portugisisk kantstein langs fortaua og saltak på kamuflerte murklossar
frå 60-talet. Men husa ser framleis ut som om dei er vunne på bingo og
strødde tilfeldig ut over landskapet frå fly, og flyttestraumen går
stri som før bort frå ”gamle Norig nørdst i grendom.” Vi gamlingane som enda klorar oss fast på svellkulene opp mot den evige is kjenner ungdomstrekket mot lokkande løner og urbant kafeliv. Straumen den andre vegen let vente på seg. I beste fall fyller nyrike børsjappar skogbandet i fjellbygda med skiheisar og brikjande hytter som fullstendig overdøyver det som måtte finnast att her av natur, og tafatte ordførarar ser røkkifiseringa som arbeidsplassar og Utvikling med stor U. Neste steg er firmakjøp av freda gardar i ferielandet, ofte fylgd av ”vilkårslause” gåver til alle slags typer bygdautvikling. Det fortel mykje om dagens samfunn at det har vore bode over 100 millionar kroner for husa på storgardar i Gudbrandsdalen. Jorda er ikkje verd noko anna enn som kulisser bak. Personleg har eg forlengst slutta å tru på
julenissen, og greier ikkje å sjå utviklinga i ei utfor –løype i
Kvitfjell som redninga for eit norsk bygdesamfunn. Men eg forstår også
ordføraren som berre må hoppe på lasset for ikkje å resikere at
kollegaen i granebygda tek gevinsten med å tilby hotelltomt på frakkaste
utsiktspunktet i heile dalen. På nytt er Bygde-Noreg hjelpelaust i storkapitalens vald, og Bygningslova må vike
for Jungelens lov der den sterkaste/rikaste
alltid har rett. Ved sia av trygdesystemet er turismen einaste
vekstnæringa i Utkant-Noreg og såleis driv-krafta i den
utviklinga som har skapt Hovden og Beitostølen. Eg ber ingen tvil om
kvaliteten på tømmermannsarbeid og husdesign på desse to stadane,
likevel frys eg på ryggen når eg kjem dit og opplever dei som norske
glansbilete i amerikansk innpakningspapir. Er dette ”the Norwegian Dream ?” For dette landet skal det lagast ein handlingsplan for
arkitektur og design. Med betydeleg skepsis eg sette meg ned for å kikke på
det nye ”prosjektet”. Lat meg bruke nokre punkt frå
Samferdslesdepartementets ”Grøn veg” til å forklare korfor: Vegvesenet er vanlegvis best når dei held seg i rundkøyringa
og arkitektane når dei teiknar nye hus utan grannar. Langs den grøne
turistvegen slo dei seg ihop med ei uspesifisert gruppe konsulentar og
baud bygdesamfunnet inn til samarbeid. Som dei godfjotta fjøsnissane vi er, trudde vi dette
var fordi dei ville nytte dei rike gåvene frå Stortinget til å fokusere
nettopp på den natur og det kulturlandskap Sognefjellsvegen gjekk
gjennom. Derfor la vi mykje arbeid ned i å koma med innspel og idear om
kva vi meinte var viktig og korleis vi kunne vise det fram. Og takk for det ! Ikkje ein
plass i Bøverdalen fann Oppland Vegvesen verdig ei avkøyring før dei
kom til vareinntaket bak Koopen der !
Istaden brukte dei bortimot 2 millionar kroner på å fylle
djupaste snøholet på Mefjellet med stein frå Vinstra (140 km), og som
toppen på det heile dragsa dei ei firkanta steinblokk med eit firkanta
hol i opp frå Larvik og stilte henne ved sia av. Klart det er kunst, og sikkert jælma fint ! Men såg ikkje Vegvesenet dei seks steinhellene som låg
velta på gras-sletta innafor vegen ? Som var minne om seks bøverdølar
som fraus ihjel her i eit snækjande uver i mars 1813 ? Såg dei ikkje
varderekkjene over snaufjellet eller Trollkyrkja i Gadden ? Det var dette vi
ville vise fram som minne om bygdefolkets ferd og liv gjennom tusen år. I staden for å la ein handverkar i bygda få
oppdraget med å produsere bord og benker dragsa Vegvesenet fram nye framandelement som minner mest om
min barndoms bokstavkjeks i stålbetong. Og rustholken framfor
Lomskyrkja som skal informere om vegen er bykulturens endelege triumf over
Loms eigen måte å uttrykkje seg på. Samferdselsdepartementets ”Grøn veg,” har vorte
reinspikka kulturimperealisme, og Byggeskikkprisen tener berre til å
spikre fast at kultureliten ser på vår kultur som mindreverdig. Derfor er skepsisen stor til enda ein ny
handlingsplan.
|
Stiftelsen
Byens Fornyelse |
|
Til første side | Bakgrunn | Nettverket | Arkitektur | Utstillinger | Prosjekter | Nytt | International |